Valde pantemerke på mjølka

Då Jerseymeieriet starta opp, bestemte Sonja Herikstad Skårland seg for å produsere mjølka i plastflasker, og pant på flaskene var eit sjølvsagt og naturleg val.
Bilde til Valde pantemerke på mjølka
Foto: Jerseymeieriet

På Herikstad Gard i Rogaland har ekteparet Sonja Herikstad Skårland og Per Ådne Skårland drive gard sidan 2001. Etter ein tur til Tsjekkia i 2019 bestemte dei seg for å starte meieri på garden, og i 2021 såg Jerseymeieriet dagens lys.

– Dei siste åra har det dukka opp ysteri rundt om på mange norske gardar. Eg hadde gått ei stund og tenkt på å gjere noko meir på garden, og under Tsjekkia-turen såg me mange lokale gardsmeieri og gardsysteri. Me bestemte oss for å prøve det sjølv, fortel Sonja Herikstad Skårland, som er dagleg leiar ved Jerseymeieriet, som ho driv saman med mannen. 

Meir feitt og protein
Namnet kjem frå kurasen «Jersey». Herikstad Gard er ein av få gardar i Noreg som har Jersey-kyr, og er dei einaste som tilbyr rein Jerseymjølk. 

– Me meinte det var rom for ein litt annan type mjølk på den norske marknaden. Me kontakta Innovasjon Norge og var heldige som fekk støtte slik at me kunne sette i gang. Samanlikna med vanleg mjølk har Jerseymjølk meir feitt og protein. Sjølve kurasen skil seg også ut ved at den er mindre enn andre kyr. Det gir fordelar i form av den treng mindre plass, og det er også ei meir klimavenleg rase i form av at kyrne et mindre og dermed også produserer mindre kumøkk og metan, forklarer ho.  

Flasker i nostalgisk design
Omsynet til klima spela også ei rolle då dei skulle velje emballasje for mjølka.

– Det tekniske utstyret for pappkartongar er altfor dyrt for ei oppstartsbedrift som oss. Dessutan ønskte me å skilje oss ut frå vanleg mjølk på kartong, der alt ser veldig likt ut. Me bestemte oss for å spele på nostalgi og gamle dagar og kom fort inn på tanken med flasker.

– Først vurderte me glasflasker, slik det var i gamle dagar, men kom fram til at det var fleire ulemper med glas. Difor måtte me over på plastflasker og me var opptatt av å finne ein type plastflaske som kan resirkulerast. Farga plast var nødvendig, for å sikre lystette flasker, og saman med Infinitum testa me ulike flasker og etikettar for å finne ein type som passa inn i panteordninga, seier Skårland. 

Milk bottle brown plastic

– Kult å vere først ute
Pant på mjølk er nytt, og nokre av Jerseymeieriets kundar har trudd at panteordning betyr at dei kan kome tilbake til meieriet med flaskene.

– Me synest det er litt kult å vere først ute med pant på flasker med mjølk. Når me fortel kundane at dei kan pante flaskene i vanleg panteautomat, synest mange det er stilig, og dei sett pris på at flaskene kan pantast. Fleire av kundane våre på 60+ hugsar også tilbake til flasker med mjølk i gamledagar, og synest det er koseleg med mjølk på flasker, seier ho.

Heilmjølk og fløyte, som meieriet starta med første driftsåret, er «bestseljarane» og som følgje av det også Jerseymeieriet-produkta som blir panta mest. Av dei nesten 25 000 flaskene frå Jerseymeieriet som blei panta i fjor, stod heilmjølk og fløyte til saman for nesten 86 prosent.

I 2023 lanserte meieriet også dessertfløyte, sjokomjølk, kulturmjølk, skumma kulturmjølk og kjernemjølk, alt med pant. Produkta blir selde både frå eigen sjølvbetent gardsbutikk, i Meny- og Spar-, og OBS-butikkar i heile Rogaland, og også i Meny-butikkar i Oslo, Kristiansand og Ålesund. 

Familiebedrift
Sonja driv både Jerseymeieriet og garden saman med mannen Per Ådne. Ho har ansvaret for meieriet og han er ansvarleg for gardsdrifta. Eldste dottera er sals- og marknadsansvarleg, medan ei dotter som framleis går på skule har ansvar for å lage is ein gong i veka, saman med ei kusine.

– Det er ei skikkeleg familiebedrift. Både mine foreldre og svigerfar min hjelper mykje til, og i tillegg har me tre tilsette. Me er framleis i oppstarten og synest det er veldig kjekt å sjå at det går rette vegen, der kurva følgjer budsjettet. Då kan det på sikt bli endå fleire mjølkeprodukt med pant, seier meieristyraren.

Les også