Berentsens Brygghus blei etablert i Egersund i 1895 av seglskutekapteinen Wilhelm Berentsens og starta som ein brusfabrikk. I år feirar bryggeriet 130-års jubileum.
– Bringebærbrus var det første produktet vårt og i dag produserer vi framleis brusen etter same oppskrift, også på boks med pant. Vi er glade i jubileum, fest og moro, og 130-årsjubileet skal blant anna markerast gjennom auka aktivitet mot daglegvaremarknaden. Vi ønskjer å gi fleire kundar tilgang til våre gode smaksopplevingar, seier assisterande dagleg leiar Jone Ellingsen.
Sidan oppstarten har bryggeriet utvida sortimentet med fleire typar brus, utvida til bryggeri med ølproduksjon og starta i 2018 også whiskydestilleri.
Glad for Infinitums anlegg på Skurve
Infinitum opna i 2024 eit nytt sorteringsanlegg på Skurve i Rogaland. Bryggeriet i Egersund er glad for denne nyetableringa, som ligg ca. 4 mil unna.
– Rogaland er ein stor marknad for drikkevarer. Det er flott at boksar og flasker nå ikkje må fraktast langt for å kome til sorteringsanlegget. Infinitum er ein viktig aktør for vår bransje, som legg godt til rette for berekraftige løysingar, seier Ellingsen.
I Rogaland er alle av Berentsens Brygghus’ produkt tilgjengeleg, og fleire andre stadar i landet har dei også nesten fullsortiment. Nesten 70 prosent av produkta har i dag pant og stadig fleire produkt blir tilgjengeleg på boks.
– Bestseljaren vår er eplemost med kolsyre, som er vanleg i Rogaland, men ikkje så vanleg andre stadar i landet. Eplemosten vår finst i mange ulike variantar, bl.a. med smak av rabarbra og ingefær, og sjølvsagt også på boks med pant, seier Ellingsen.

Bryggeri sett pris på Infinitums Rogaland-anlegg
Familiebedrifta Berentsens Brygghus i Egersund er opptatt av berekraft og synest det er flott at tomgods i Rogaland nå kjem raskare til eit sorteringsanlegg.
